Den perfekte linja

Vi søkjer ut og opp, for å puste og for å leve. Ut, for å finne det fokuset som kvardagen så raskt tek frå oss. Blikket treng avstand for å finne ro, og kroppen treng hjelp til å kome seg bort frå skjermen, frå veggen, gjennom døra og ut i naturen.

I møte med menneske er vi i en tilstand der vi stadig skifter mellom avstand og nærleik. Mellom å lytte og å snakke. Heile tida i rørsle, saman med andre. Denne dansen overfører vi til andre område i livet, som en måte å balansere det heile på. For Ståle Johan Aklestad har dette skapt eit virke der naturen er i fokus, og mennesket dansar i den.

Roa i det monotone når beina flytter seg oppover bakkane, når blikket kan vandre i takt med tankane og pusten flyt jamnt. Og motsatsen, i det alt fokus ligg i å svinge, å treffe, å lage den perfekte linja i snøen. Den som kanskje ikkje finst, men som ligg der og ventar på neste tur.

 

Tre og Tind veks fram

Ståle Johan Aklestad

Ståle Johan Aklestad vaks opp omgjeven av fjord og bratte fjell på eit lite småbruk på Sæbø. Naturen var sentral både gjennom rytmen som prega livet på garden, og gjennom dei mange turane i fjella rundt fjorden. Tre og Tind er resultatet av to disiplinar som, trass sine ulikskapar, har den same kjærleiken til natur i botnen.

Tre symboliserer det som først byrja som en hobby og som no er blitt til fleire seriar med funksjonelle objekt i tre, dreia for hand i verkstaden midt i Hjørundfjorden. Sakte tilvirka for varig bruk.

Tind symboliserer dei mange turane, til fots eller med ski på beina, åleine med kamera eller i lag med andre som deler den samme gleda over urørte, snødekte fjellsider eller sommarnetter høgt over fjorden.

Felles for dei to disiplinane er jakta på den perfekte linja.