Ein iskald fullmånekveld. Ein gammal sætervoll. Vaktande kjempar. Etterglød fra den døyande dagen. Og eit lite telt. Slik vart november avslutta.
Det gamle stabburet frå 1600-talet utgjer ein perfekt stad for å tørke dei grovdreia bollane. Her er det nemleg kaldt og lufta har stor fuktigheit, dermed går tørkeprosessen langsamt. Bollane må ikkje tørke for fort, då sprekk dei. Etter nokre månadar i stabburet tek eg dei inn i varmen, der dei får tørke enno seks månader.
Slow-TV: korleis få grovdreia emner kortaste veg inn i verkstaden
Frå tre til ferdig bolle er ein lang prosess. Bollane på dette biletet er grovdreia, dei har altså fått ei grovform, og skal no ligge og tørke i eitt år. Dette gjer eg for å unngå sprekking, å tørke eit tre i ein heil stokk ville for det første ta mange år, og i tillegg ville det sprekke. Ved å splitte treet i senter og grovdreie forma, får treet rom til å bevege seg, og bollen vil i dei fleste tilfelle vri seg i staden for å sprekke. Sjølv om nokre av desse truleg kjem til å sprekke likevel, litt avhengig av årstid og temperatur.
Det er noko spesielt med vinterhimmelen. Spesielt når ein ligg i eit telt ei klar natt i februar. Du kan telje til verdas ende, og du kjem aldri i mål.