Tre

Bakebolle i eik

Bakebolle i eik

 
 

Lukta av tre

Med god tilgang på trevirke er det naturleg å bruke det vi har til å byggje hus av. Mange av oss har vakse opp i trehus, og mange av oss har også eit forhold til tre fordi vi har brukt skogen som leikeplass. Som liten eller som stor. Å sjå eit nyfelt tre kan vere litt vemodig, men det kan også gje inspirasjon til å skape nye ting. Fine, funksjonelle ting vi kan bruke i kvardagen eller stå på ei hylle, og som framleis har lukta av tre.

 
 
 
IMG_2358.JPG
 
IMG_1852.jpg
 

Naturlegvis

Treet veks, og likt eit menneske vil det vere prega av miljøet. Det vakre i eit gamalt ansikt er det samme som det vakre i kvist og årringar i treet når vi ser innanfor borken. Når treet skal tørkast vil fukt og temperatur vere avgjerande for korleis resultatet vert.

Materialval er ofte ein kombinasjon av tilfeldigheiter og bevisst planlegging. Kortreist tre er bærekraftig, naturen dikterer difor noko av det som etter kvart får plass i dreiebenken. Då spring prosjektet ut av materialet. Andre gonger er det motsett, materialet vert bestemt av prosjektet, og det å finne det rette treet vert ein del av prosessen.

Ein nypussa eikebolle som er innsett med naturleg valnøttolje gjev ei fantastisk lukt i rommet. Som reiskap er den god å bruke, og behandla på rett måte vert bollen berre finare med åra. Bollar bør oljast med valnøttolje etter vask, i alle fall dei første 10-20 gongene den er i bruk.

Brukshandverk - bakebolle i eik

Brukshandverk - bakebolle i eik

 
 

Produkt i tre


Bakebollar

Bakebolle i eik

Bakebollar er solide bollar som er tiltenkt bruk, gjerne baking. Volum vanleg bakebolle ca 5 l, diameter ca 28 cm. Finst også i større utgåver, volum ca 9 l. Bakebollane er behandla med valnøttolje og toler vask i lunka vatn. Dei har godt av å bli påført ny olje etter vask, særleg i starten til treet er metta. Då vil den behalde den silkematte overflata. For etterbehandling av tre, sjå nedst på denne sida.

 

Bollar

Her finn du eit utval unike bollar som like gjerne som å brukast, kan stå åleine. Mange av dei er dreia rå og har fått finne si eiga form under tørkinga, og bollane har ulik overflatebehandling, alt etter treslag og tenkt uttrykk.

Eksklusive bollar

Eksklusive bollar i eik med sydde detaljar

Dette er dei mest spesielle bollane eg lagar, og ligg ofte på grensa av det eg på noverande tidspunkt greier å få til reint teknisk. Bollane er laga av unike emne, er ofte store og djupe og kan ha spesielle detaljar som t.d. saum. Fleire av dei er farga gjennom ulike organiske prosessar, og det vil vere umogeleg å gjenskape akkurat denne kombinasjonen av farge, form og tre. Sjå gjerne på dette som gallerigjenstandar.

 

Store bollar

Stor bolle i eik

I dette galleriet finn du store bollar, mange av dei med ein diameter på 40 cm eller meir. Desse er utfordrande å dreie på grunn av storleiken, men dei er også svært tilfredsstillande å halde i hendene når dei er ferdige. Bollane kan brukast, men dei kan også stå som eit møbel på eit bord.

 

Saltskåler

Saltskåler i eik og blodbøk

Saltskåler laga i ulike treslag og behandla med valnøttolje. Dei kan sjølvsagt også brukast til andre ting enn bordsalt.

 

Små skåler

Her finn du mindre skåler i ulike former som kan brukast på kjøkenet elle som pynt i stova. Skålene toler bruk og kan vaskast i lunka vatn, men bør få eit nytt strøk olje etter vask. For meir om korleis du best tek vare på skålene, sjå nedst på sida.

 
 

Bruksskåler

Her finst er alle typar bruksskåler som kan være i dagleg bruk på kjøkenet: til salat, poteter, brødskiver, bakverk og alt anna ein måtte finne på. Skålene toler bruk og kan vaskast i lunka vatn, men bør få eit nytt strøk olje etter vask. For meir om korleis du best tek vare på skålene, sjå nedst på sida.

 

Frukostbollar / turbollar

Desse bollane er tenkte til å ete frå, anten du lagar deg mjølk og frokostblanding om morgonen eller du et middag ute på tur. Bollane måler ca 14 x 9 cm, noko som er ein passe storleik for ein porsjon mat. Ute på tur vil maten halde seg varm mykje lenger enn i ei plastskål, og den er også meir hygienisk ettersom bakteriar døyr raskare på tre enn på andre overflater.

 

Struktur

Denne serien er utseld, men eg vonar å få på plass nye produkt på litt sikt.

 

Tidlegare produksjon

Dette er produkt som er selde, samt nokre som er i privat eige. Velkomen til å sjå gjennom galleriet, kanskje kan det dukke opp liknande ting!

 

Korleis ta vare på bollane?

Tre er eit levande materiale, og krev litt omtanke. Men med ein liten innsats kan ein gjenstand av tre vere like fin etter fleire tiår. Korleis ein best tek vare på bollene, er avhengig av om det er galleri- eller bruksgjenstandar.

I den første kategorien er saka enkel. For å ta vare på dei eksklusive bollane bør dei unngå direkte sollys og berre pussast støv av med ein tørr klut. Desse gjenstandane har ulik overflatebehandling, nokre er olja medan andre er voksa eller lakka, og ein våt klut vil kunne setje merke i overflatebehandlinga eller gjere den mattere. Dette vil gjelde alle typar bollar som er tenkte først og fremst som objekt, ikkje til bruk.

I den andre kategorien kjem alle typar bollar som er tenkte til bruk: bakebollar, saltskåler, bruksskåler, salatskåler osv. Desse er stort sett behandla med olje, og dei bør påførast ny olje etter vask, spesielt i starten. Eg anbefaler valnøttolje, dette er ein matolje som også kan brukast i salatar eller liknande. Vask heile bollen i lunka vatn (ikkje i oppvaskmaskin) og tørk av den. Påfør olje med ein klut eller tørkepapir, og tørk av overskytande olje. Dette kan du gjerne gjere ofte, i starten gjerne etter kvar vask, til treet vert metta. Deretter kan du gjere det i ny og ne, påfør gjerne litt olje dersom du vil ha litt ny glans i bollen. Bollar som er blitt behandla på denne måten vil behalde den silkematte overflata, og i mange tilfelle kan glansen bli finare og finare etter kvart som bollen vert brukt.

Alle bollar bør unngå direkte sollys over lengre tid. Til dømes vil ein bolle som står i vindauget om sommaren mørkne på den sida som vender mot sola, dette er vanskeleg å rette opp igjen.

Ein bør heller ikkje la bollen stå med våte ting i over lengre tid, dette kan lage permanente flekkar i treet. Dersom bollen til dømes er brukt til eit måltid, bør den tømmast og skyljast etter måltidet.