Jokeren

NOK 9,900.00

Serien med bleika bjørk er laga med ein tanke om å redusere distraksjoner og tvinge auget til å fokusere på forma og linjene åleine. Bjørk er i utgangspunktet eit lyst treslag, og dermed eit godt utgangspunkt for bleiking. I denne djupe bollen i surna bjørk er lommene av bork blitt ein del av forma og uttrykket til bollen, den vekslar mellom ulike uttrykk alt etter kva for vinkel du ser den frå. Den høge og lukka forma gjev ei kjensle av noko løyndomsfullt, medan opninga i botnen røper hemmelegheita. Igjen Jokeren. Bollen er bleika i fleire omganger, deretter forsegla og lakka for å bevare bleikinga.

Treslag: Bjørk

Dimensjonar: Diameter 28 cm / Høgd 27 cm