“Alt er kvitplastra etter stormen det siste døgnet, den siste snøen har falle utan vind, millionar av lette snøkrystaller glitrer i måneskinet. Det er så lyst at ein nesen kan tru det er dag, men stjernene over oss forsikrar om tida på døgnet.”

Fotoet er teke natt til veslejulaftan. Det var fullmåne og hadde snødd heile dagen, vi starta i kveldinga og gjekk oppover i små bobler av lys frå lyktene medan det framleis snødde. Så skjer det. Litt under toppen byrjar skyene å sprekke opp, flekkar av månelys dansar på snøen framfor oss. Og idet vi når toppen klarnar det heilt, restar av skodde ligg i fjella rundt, og vi kan såvidt skimte lysa frå dei små sunnmørsbygdene nede ved fjorden. Eg er sikker på eg kunne høyre englesong i lufta rundt oss.

Gloria

Sunnmøre, 23. des 2021. Premiert i Memorial Maria Luisa 2023 (MML 34)

75 x 50 cm / NOK 12,500.00 / Opplag 5

90 x 60 cm / NOK 17,500.00 / Opplag 3

150 x 100 cm / NOK 31,000.00 / Opplag 3

200 x 133 cm / NOK 55,000.00 / Opplag 1