Almeknute

NOK 18,000.00

Denne serien med eksklusive bollar er gallerigjenstandar der forma er funksjonen.

Alm er eit varmekjært treslag som ofte veks i solrike sørsider med godt jordsmonn. I norrøn mytologi vart den første kvinna, Embla, skapt av alm. I tidlegare tider brukte ein tørka almebork til brødbaking i dyrtid og hungersnaud, i nyare tid har almelauv blitt brukt til dyrefor ved at ein navar treet - ein kapper greinene og let det vekst ut nye frå same punkt. Det utviklar seg ofte knuter der greinene vart kappa, slike knuter har ofte uvanleg vakre teikningar i treet. Denne bollen er laga av eit slikt nava tre frå Nordfjord der heile stammen var ein stor knute og hadde ein diameter på nesten ein meter.

Bollen er dreia rå, dette gjer at treet får bevege seg medan det tørkar, og bollen har fått ei svakt oval form. Bollen er også pussa rå, knutane i treet gjer at bollen har fått ei organisk, bølgete og svært taktil overflate.

Treslag: Alm

Dimensjon: Diameter 40 cm / Høgd 25 cm